onsdag, januar 21, 2009

smalltalk: Å invitere nokon heim

Det er noko anna å møtast heime hos nokon enn å møtast på ein kafé.
På ein kafé har du ikkje dine eigne koppar, kaffe du har kokt sjølv, dine eigne ting på veggane. Det kan bli litt mykje kafé. Det kan bli litt for nøytralt.
Av og til er sjølvsagt kaféen den rette staden å møte folk på.

Men det å samle folk i heimen er fint.

Ein gjer ein ekstra innsats når ein ventar besøk, ryddar litt, vil gjerne vise heimen frå si beste side, og på den måten også seg sjølv frå si beste side. Snart kjem gjesten, du hiv deg rundt, set på kaffen og rettar på duken. Vil gjere det så fint som mogleg for den som kjem. Du gidd å gjere dette ekstra for gjesten din.

Boligen og heimen din er ein del av identiteten din. Heimen din er så nær deg. Korleis du har det heime viser ein del av den du er. Å bli invitert heim til nokon er noko anna enn å møtast på kafé. Heime hos folk får ein som regel eit klarere biletet av kven personen eigentleg er, og det er derfor det er spesielt hyggeleg å bli invitert heim til nokon óg.

Kva må vere i ein heim for at du skal ville invitere vennar og kjente hit? Kva må den innehalde for at den skal vere ein del av deg?

1 kommentar:

a og bt sa...

heimebakte småkaker