fredag, januar 23, 2009

inspirasjon: Alvar Aalto





Kursiv"Ei humanisering av arkitekturen."

Alvar Aalto (1898-1976) tel ved sida av Le Corbusier, Mies van der Rohe og Frank Lloyd Wright til "dei fire store" innan arkitekturen frå det 20.århundre. Aalto var finsk arkitekt og designer.

I 1935 grunnla han saman med blandt anna kona Aino møbelfirmaet Artek.
Frå 1940 var Aalto professor for arkitektur ved Massachusetts Institute of Technology i Cambridge.
Tilsaman tok Aalto del i omlag 200 prosjekt, rundt halvparten av designa hans blei utført.

Aalto har eit omfattande arbeid å vise til, men eit prosjekt eg meiner er av spesiell interesse for vår diplom er Sanatoriet i Paimio i Finland. Dette sanatoriet for turberkolose og andre lungesjuke gjeld som eit mønstereksemplar på rasjonalismen og eit ikon på det klassiske moderne. Med dette bygget fekk Alvar Aalto sitt internasjonale gjennombrot som arkitekt.

Aalto jobba utanifrå og inn i dette bygget. I tillegg til å plassere romma i forhold til solforhold og naturen rundt, la han ned eit betydeleg arbeid i planlegginga av interiøret. Ved å arbeide så grundig med interiøret ville Aalto oppnå ein så positiv som mogleg psykisk effekt på pasientane. Golva var malt i varme fargar, og lyskjeldene på pasientromma plasserte han slik at liggande pasientar ikkje fekk lyset i augene. Han studerte nøye solvinkelen i forhold til pasientromma. At pasientane fekk nok frisk luft inn på romma frå den omkringliggande skogen var òg på agendaen til Aalto. Han hadde til og med ein idè om korleis taket på pasientromma skulle sjå ut. "Taket på rommet skal vere som fargen på himmelen".
I dei offentlege romma i sanatoriet valgte Aalto å bruke fargane blå, gul, grå og kvit, som skulle skape ei frisk og lystig, men samtidig fredfull atmosfære.
Han designa òg ei rekke egne møblar spesielt til dette sanatoriet, som til dømes den kjende Paimio-stolen. Tuberkolose blei behandla med blant anna frisk luft, så han teikna óg solstolar til terassen. Andre ting som blei designa spesielt til dette bygget og brukergruppa var dørhandtak og vaskar til pasientromma som rann stillere enn normalt.

Dette er arkitekturpsykologi på sitt beste. Aalto viser stor omtanke for dei som skal bruke sanatoriet ved å designe og utforme kvart rom slik det skal tene brukaren på best mogleg vis.
Vi studerer og lar oss inspirere!

Ingen kommentarer: