torsdag, januar 29, 2009

inspirasjon: Understenshöjden

Understenshöjden er eit økologisk bustadsområde ca 15 minutt utanfor Stockholm. Området består av 44 leilegheiter fordelt på 14 ein- og to etasjershus plassert på 5 "gårdar". I tillegg til desse gårdane inneheld området óg eit felleshus.

Bebuarane blei organisert i studie- og arbeidsgrupper, bl.a. "hus og helse", "kretsløp" og "økonomi og fellesskap". Store delar av utforminga av prosjektet skjedde på grunnlag av bebuargruppa sine ønsker for sin framtidige heim. Nokre av kvalitetane som blei prioritert gjennom heile planleggingsprosessen var fokus på det økologiske og miljøvennlege, og reine arkitektoniske kvalitetar som vakre vindauge, stor takhøgde, tregolv, alternative planløysingar og sunne materialer.

Naturen rundt satt mange føringar for korleis området blei planlagt. Målet var å spare så mykje natur som mogleg, og husa skulle verke som dei var "nedsänkta från luften". Vegar og bygg er planlagt slik at dei ligg imellom trea.
Husa står "på tå" på pilarar for å spare sjølve bakken husa står på.

Eit viktig mål var at husa skulle bli så vakre som mogleg, og at følelsen når ein var på staden og inne i husa skulle vere så god som mogleg. Vindauge og materialer blei det jobba mykje med, og målet var å få til eit godt lysinnslepp og berekraftige hus som kunne tole tidas tann.
Kvart hus blei planlagt i detalj saman med arkitekten, med ulike moglegheiter for plassering av vindauge, storleik på rom, påbyggingsmoglegheit, med eller utan vedovn etc.

Husa er plassert i "gårdar" eller tun, med eit felleshus der større arrangement og stormøter finn stad. I felleshuset ligg óg vaskerom, leikerom, kontor og felles snekkerverkstad.

Det økologiske var eit av utgangspunkta for dette prosjektet. Målsettjinga var å løyse energiforsyninga med fornybar energi. Kvart hus har solceller på taket, og i bustadområdet har dei egen ovn som blir dreve av biobrensel.
Alt husavfall blir kildesortert. Kompostbingar står utanfor husa. Ein resirkulerer óg gamle ting ved å sette det i eit gjenvinningsrom der andre hushald kan hente det dei måtte ønske å ha.

Kollektivtanken står sterkt i Understenshöjden, og prosjektet er på den måten ganske spesielt. Bebuarane tek seg av sine private område, samstundes som mykje foregår i fellesskap. Dei gjer felles innkjøp frå ein økologisk bonde i nærområdet, har såkalla Understensmat, og alle hjelper kvarandre på sine måtar. Dei har ei eiga "energigruppe", "avfallsgruppe", si eiga webside med diskusjonsforum osv.
Fokuset på fellesskapet er ein av grunnpilarane i Understenshöjden, og kjemien mellom bebuarane er på mange måtar avgjerande for at prosjektet skal fungere 100%.

"Gemenskap är viktigt, men der är inte bara på gott. När människor står på sin tomt eller i sitt hus och säger att de vill ha det på ett särskilt sätt, det är då man kan få konflikter. Men vi har lärt oss att det går att lösa dem. Just nu är det härligt att känna att många medlemmar är så nöjda, att de känner lyckan i att ha fått bygga sitt eget hus som de bestämmer mycket över själva."
Innflyttar i Understenshöjden


Det er klart at for å bu i eit slikt fellesskap der så mykje er basert på felles aktivitetar og innsats, må ein vere inne i denne tankegangen, og villig til å ofre ein god del av seg sjølv for at det skal kunne fungere.
Det vi kan ta med oss vidare frå dette prosjektet er det økologiske aspektet og korleis dei jobba med dette frå dag ein i planleggingsfasen. Korleis materialvalg, vindusplassering og alle slike valg ein tek i planleggingsfasen ikkje berre spelar inn på energibruken til huset, men óg på trivselen og opplevinga av dei ulike romma.

Kjelde: http://www.understenshojden.se

Ingen kommentarer: