torsdag, februar 12, 2009

sted: Vår Frue Kirke


Midt i Trondheim sentrum finn vi middelalderkirka Vår Frue kyrkje. Kyrkja blei bygd rundt år 1200 og er saman med Nidarosdomen den einaste middelalderkyrkja som står igjen i byen.
I motsetning til Nidasrosdomen blir Vår Frue kyrkje ansett som ei kvardagskyrkje med lav terskel og stor takhøgd. Kyrkja, som er døgnopen, blir benytta av Kirkens Bymisjon og her kan folk komme innom for å varme seg, ta seg ein kaffe og slå av ein prat. Då vi var der tidleg ein formiddag, satt ein liten gjeng bakerst i kyrkjerommet og drakk kaffe. Nokre var óg framme og tende lys på alteret innreda som eit brusteinskors. Kanskje til minne om ein ven som ikkje lenger var der.

Ingen kommentarer: