torsdag, februar 19, 2009

smalltalk: Narkomane og ernæring

Vi les at den vanlegaste dødsårsaka blandt narkomane etter overdose er underernæring.

Mat er vel kanskje ikkje alltid så høgt prioritert, dersom valget står mellom å bruke dei få pengane du har på dagens dose eller middag.
Vi vil at institusjonen vår skal ta vare på heile mennesket. Sjølv om hovudfokuset til mange av bebuarane er på rusen, skal vi sørge for at kroppane deira får det dei treng av god mat og drikke.

Korleis kan vi få bebuarane til å tenke meir på kosthold? Kanskje kan deltaking i matlaging få opp interessa? Nokre av måltida kan vere felles, slik bebuarane kan nyte eit godt måltid saman. Mat og måltida kan på denne måten bli forbunde med noko positivt og ikkje kun som noko livsnødvendig.

Ingen kommentarer: