tirsdag, februar 24, 2009

prosess: Nabolag


Jarleveien 10 ligg i røffe omgivelsar. På tomta er det betre å vere maskin enn menneske. Rundt ligg store, trafikkerte vegar og tung industri. Lyden av industri, metall, lastebilar, kraner og trafikk er dominerande.
Men ein treng ikkje å gå langt før ein kjem til boligområder med alléar, småhusbebyggelse og hagar.
Jarleveien ligg midt i smørøyet med ein buffer av tungindutri rundt seg. Korte avstandar skiller totalt kontrasterande miljø. Lyden og størrelsane avslører nabolaget sine grenseområder.

Ein er på sett og vis litt fanga i Jarleveien 10. Dei trafikkerte vegane utan særleg mange overgangar for gåande og kraftig omkringliggande industri gjer det ikkje enkelt og kome verken til eller frå tomta.
Var det meininga det skulle vere slik?

Nye Jarleveien 10 skal vere synleg, og vere tilgjengeleg. Og naboar skal ikkje føle at dei treng ein stor buffer rundt for å føle seg trygge.

Ingen kommentarer: