tirsdag, mars 17, 2009

tema: Universell utforming

”Universell utforming er utforming av produkter og omgivelser på en slik måte at de kan brukes av alle mennesker, i så stor utstrekning som mulig, uten behov for tilpassing og en spesiell utforming”

The Centre for Universal Design ved North Carolina State University


Ved å forholde seg til universell utforming frå første planleggingsdag, kan ein få til ei utforming som inkluderer flest mogleg menneske. Det er ikkje meininga å måtte spesialtilpasse bygget til ei spesiell gruppe menneske. Målet er at alle, uansett funksjonsevne, skal kunne bruke dei same bygde omgivelsane. På ein likeverdig måte. Ein ser altfor ofte elendige ekspempel på korleis rullestolheiser og store ramper har blitt montert på i etterkant. Sjølv om bygget blir tilgjengeleg føler ein seg ikkje inkludert. Ein må kunne bruke bygget på same måte, ikkje på ein måte som understreker at ein av ein eller annan grunn ikkje kan ta i bruk trappa.

Der fins sju prinsipp for universell utforming (fra Wikipedia);
-Like moglegheiter for bruk: utforminga skal ikkje medføre ulemper eller sette stempel på brukergrupper
-Fleksibel bruk: utforminga skal tene eit vidt spekter av individuelle preferanser og evner
-Enkel og lett forståeleg bruk: ein skal skjønne bygget uansett erfaring, kunnskap, språkevner eller konsentrasjonsnivå
-Forståeleg informasjon: det skal ikkje vere tvil om kvar ein skal gå eller korleis ein skal bruke bygget
-Toleranse for feil: utforminga skal avgrense farer og skader
-Minst mogleg fysisk strev: det blir lagt opp til effektiv og naturleg bruk
-Storleik og plass for tilnærming og bruk: det skal vere tilstrekkeleg plass til både brukar og betening, uavhengig av kroppsstorleik, stilling, rekkevidde og mobilitet

Klart vi skal ha universell utforming i Nye Jarleveien. Vi har ingen rett til å eksludere ei stor brukergruppe eller bestemme at nokon skal få problem med å bruke bygget vårt. Det er ikkje kun dei med ei funksjonshemming som er avhengig av at bygget er universelt utforma. Dei med barnevogn, dårleg syn, barn med astma og allergi, dei som går på krykker, med andre ord, svært mange har på eit eller anna tidspunkt i livet bruk for ei rampe istaden for ei trapp eller at ting er lagt opp slik ein kan nytte det med eit minimum av strev. Det som er viktig å hugse er at det som kan vere bra for nokon, faktisk er nødvendig for andre.

Som vi nevnte igår, i visjonane våre, er friheit noko vi vil jobbe med i prosjektet vårt. Ting skal vere enkelt, ting skal gå greit. Universell utforming er eit middel vi som planleggarar kan bruke for å kome eit steg i rett retning.

Kjelder:
Husbanken
Norges Handicapforbund

Wikipedia

Ingen kommentarer: