søndag, mars 29, 2009

prosess: Aktivitetsgenererende aktiviteter


Vi jobbar vidare med programmet. Vi studerer nærmere den halvprivate, den halvoffentlege og den offentlege delen av institusjonen.

Det halvprivate fellesarealet er det området som eit begrensa antal boenheter deler. Dette er eit lunt område som forheld seg til få menneske. Frå den pivate boenhet er det halvprivate området neste steg på vegen ut til det offentlege.

Den halvoffentlige delen
er open også for menneske utanfrå, men befinn seg mellom den private og den offentlege delen av institusjonen. Dette er tenkt som eit fellesareal der bebuarar frå heile institusjonen kan møtast. Denne delen skal generere aktivitet innad i bygget.
Dette fellesarealet skal fungere som ei nøytral sone med gode moglegheiter til å blandt anna ta imot besøk.

Den offentlige fellesfunksjonen befinn seg i gateplan og vender seg ut mot gata. Dette er Nye Jarleveien 10 ansikt utad. Dette er publikums første møte med institusjonen. Dette kan bli ei kommunikasjonssone mellom folk i nabolaget og byen, og dei som bur på institusjonen. Denne funksjonen kjem i tillegg til boliginstitusjonen, dei er fysisk adskilt frå kvarandre. Bebuarar må ikkje gjennom denne delen for å komme til og frå boligområdet sitt.
Den offentlege fellesfunksjonen skal generere aktivitet til nabolaget. Denne funksjonen er lausreven institusjoen, og gir bebuarar molegheit til å komme seg bort frå institusjonen.
Dette arealet må innehalde ein eller fleire funksjonar det er naturleg for naboar og folk i nærområdet å avlegge eit besøk.

Vi ser på mogleg innhald og funksjonar for desse områda.

Ingen kommentarer: