onsdag, mars 11, 2009

tema: Tall og harde fakta


I 1999 låg antal sprøytenarkomane på landsbasis på rundt 9000. Kun 7 år seinare, i 2006 anslo Fagrådet innen Rusfelt i Norge, at antal sprøytenarkomane låg på ca 18 000. Altså ein eksplosjon av antal sprøytenarkomane på berre seks-sju år.

Kvart år døyr omlag 300 av overdose i Noreg. Det er dobbelt så mange som resten av Europa i forhold til folketalet. Antal overdosedødsfall overgår òg antal trafikkdrepte.

Narkotikamarknaden blir styrt av tilbod og etterspurnad som kva som helst anna marknad. Høg etterspurnaden etter narkotika har ført til auka tilbod. Dette har igjen ført til at prisane har sunke dramatisk i løpet av det siste tiåret. I 1993 kosta eit gram heroin nær 8000 kroner, medan prisen i dag truleg er på under tusen kroner. SIRUS (Statens institutt for rusmiddelforskning) regnar at prisen på heroin har falt med 70 % i løpet av dei siste ti åra.

I 2008 kunne Helse Sør-Øst rapportere at ventetida for behandling for narkomane hadde blitt fordobla på fire år, samstundes som 49 behandlingsplassar blei kutta.
4000 narkomane ventar på rusbehandling.
Mange av dei døyr medan dei ventar i helsekø.

Med andre ord, antal narkomane aukar hurtig, talet på overdosedødsfall er stabilt og stigande, og tilbodet av narkotika på marknaden har eksplodert.

Dystre tal til tross, Bjarne Håkon vil tenke nytt og ser framover;

– Vi tar et løft innen rusfeltet som jeg er stolt av. Vi skal planmessig bygge opp rustjenesten ved å legge stein på stein. Rusmiddelavhengige skal ikke lenger være helsevesenets stebarn.

(....)

Narkotika er, og skal være, forbudt. Når det likevel kan brukes narkotika straffefritt i sprøyterommet, er dette for å øke tilgjengeligheten til helsehjelp og informasjon om hjelpeapparatet for målgruppen.


Kva må ein gjere for å endre desse sjokkerande tala og den dystre statistikken? Korleis kan ein redusere antal overdosedødsfall og betre livskvaliteten generelt for dei narkomane?
Kan gratis utdeling av heroin og sprøyterom senke dødsfall og heve livskvaliteten til dei narkomane?

Dersom ein klarer å bygge opp under forståinga av at narkomani er ein sjukdom, er ein iallfall eit steg på veg i rett retning. Kanskje vil også forebygginga gå lettare. For kven vil vel bli sjuk?

Istaden for å kome med peikefingeren må vi heller gi dei lillefingeren.
Ein kan ikkje forvente at det skal gå rette vegen for ein narkoman, når dei til stadigheit blir sendt hit og dit i helsevesenet utan å få hjelpa dei treng. Dei befinn seg ofte som kasteballar i eit uoversikteleg system.

Vi må fange opp og ta imot ballen!


Kilde: Statistisk sentralbyrå, Regjeringa, tidsskriftet Minerva

Ingen kommentarer: